• Hovedsiden
  • Produkter
  • Smia og verkstedet
  • Linker
  • Kontakt



  • Velkommen



    Eg heiter Stig Rune Byrøygard og driv kombinert smie og mekanisk verkstad i Garmo i Lom kommune i Nord-Gudbrandsdalen. Eg er fødd i 1966, og tok over eit lite småbruk i Garmo i 1990. Eg er gift med Merete, som er bibliotekar i Lom, og saman har vi borna Ola, Sina og Iver ( fødde i 1993, -95 og 2000).

    Eg har alltid vore interessert i handverk og brukskunst, og etter at eg slutta med dyr for nokre år sidan, gjorde eg om fjøset til verkstad med ei lita smie ved sida av. Plassen vart etter kvart for liten, og sommaren 2006 innreidde eg difor smia i den tidlegare møkkakjellaren.

    Mengda oppdrag i verkstaden og smia varierer frå tid til annan, men eg har no så mange oppdrag at jobben som gardskar er redusert til berre ei lita stilling som attåtnæring. I tillegg til vøling av diverse landbruksreiskap og anna utstyr, produserer eg også brukskunst og nyttegjenstandar for sal etter ønskje frå kundane, slik som vinstativ, peisutstyr, hengsler, lås o.a.

    Eg har dei siste 20 åra vore trekkspelar i gammaldansgruppa Bjørn Turtum`s Gammaldansorkester. Vi har reist mykje rundt om i landet på festivalar og andre speloppdrag, og slik har eg ofte fått kontakt med handverkarar og andre som har gjeve meg inspirasjon og nyttige idèar til mitt arbeid i smia.
    Alt innhold på disse sidene er ©2007 Stig Rune Byrøygard. Layout og design av Ottadalen Data